• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Storsethilleren (Matrehola)

Gammal støl?

Helleren ligg under ei svær steinblokk ved ein elveterrasse (Storseten), der det tidlegare var god grasmark. Han er 4-6 meter brei, kring 10 meter djup og opptil 2,30 meter høg. Tvers over golvet ved opninga vart det avdekka ein mur, som har bidrege til å gje ly. Funna syner at helleren har vore i bruk både i eldre jernalder, i mellomalderen og i nyare tid. Anathon Bjørn fann mellom anna ein krumkniv som skriv seg frå 200- eller 300-talet e. Kr. Elles har det kome for dagen fleire knivar, bryne, snellehjul, delar av ei saks, bronseblekk, sundslegen keramikk, ein skinnpung, bitar av ei klebersteinsgryte og eit sølvhekte. Beinmaterialet gjev inntrykk av kva som stod på menyen for dei som budde her: sau, geit, gris, storfe, hjort, sel, fjellrev, laks, aure, torsk, hyse, sei og uer. Arkeologane trur at Storsethilleren fungerte som støl for ein gard på Matre. Denne konklusjonen byggjer på at kvinner har hatt tilhald her (jfr. funnmaterialet), og at ein framføre helleren oppdaga spor etter steingjerde og innhegningar. Kanskje har også jaktlag budd i Storsethilleren i periodar.
 

Share to