• Photo: Knut Helge Bratteland (Opphavsrett)

Salongen til pappa

Salongen til pappa blei brukt til jakt og skyting. Denne salongen har eg brukt på skytekonkurransar og på skytebanen.

Brno CZ 511 blei produsert i omlag år 1977-78 og kom til Noreg på omtrent den tida.

Geværet heiter Brno CZ 511. Salongen blei produsert ca. 1977-78 i Tsjekkia. Det er ein semi-automatisk 22 kaliber. Laga av tre og stål. Reima som er vist på biletet følgde med geværet. Siktet som er på fekk pappa rundte eit år seinare.
Fabrikken som laga dette våpenet produserer og sel våpen ennå.

Den betyr så mykje fordi han fekk den i konfirmasjonsgåve av mor og far hans som kjøpte den hjå Torgeir Lund på Evje.Dei betala mellom 1000 -1500 kr. for det. Gome ville heller at han skulle få noko anna enn gevær,men gofa er jakt-elskar og ville at det var dette han skulle få. Så då vart det slik. Det var det fyrste våpenet pappa fekk og det var då han blei interessert i jakt og skyting. Det fyrste dyret han skaut med denne salongen var ein trast i frukttreet i hagen til gome og gofa.
I ettertid har han kjøpt seg rifle og gevær også.

Mamma hadde aldri prøva å skjote før ho vart saman med pappa.
Om vårane pleide pappa å skyte ned isen som hang nedetter fjellet hitom huset heime, og det var då mamma fekk prøve for fyrste gong. Pappa seier at ho traff, men det var sikkert fordi isen var så stor.
Eg låg t.o.m. i magen til mamma fyrste gong ho skaut med denne salongen.

Tekst og foto: Knut Helge Bratteland
 

Kjelde: Anders Helge Intervju 10.11.09

Share to