• Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Akvarell av Catharina Kølle. Foto Helge Sunde. (Opphavsrett)

Vangskyrkja

Gotisk steinkyrkje

Vangskyrkja er ei gotisk steinkyrkje med eit stort tårn i vest. Også den øvre delen av tårnet må opphavleg ha vore mura i stein, men denne vart skift ut med eit tømmertårn kring 1600. Setningar i grunnen under kyrkja har gjennom hundreåra ført til at murane har vorte forsterka med store skråpillarar utvendig. Det er desse, saman med vesttårnet, som gjev vossekyrkja den særmerkte utsjånaden.

1600-tals inventar

Kyrkja har vore restaurert to gonger; først i 1875 og så i 1946-53. Ved denne siste istandsetjinga vart interiøret ført attende til tida før 1875, prega av 1600-tals inventar. Altertavla er sett saman av midtfeltet i eit seingotisk alterskap som rammar inn måleriet ”Lansestikket”, måla i 1642 av Elias Fiigenschoug etter Rubens original i Antwerpen. Preikestolen frå 1640-åra er prydd med seinrenessansedekor kring bilete av apostlane, og det rikt dekorerte korskiljet er frå 1698. I mellomalderen stod det eit lektorium — eit skriftlesingsgalleri — framfor korbogen, med trapp opp inne i muren. 

Share to