• Photo: ukjent (Opphavsrett)

Menneskeskapt myr

«Steintorva» på Fedje og Lyngoksen var høgt verdsett som brenntorv, før kol og elektrisitet overtok som energikjelde. Kring hundreårsskiftet var det industriell torvtaking på Fedje i stort omfang, for å dekkja behovet for brenntorv i Bergen.

Langsam myrdanningsprosess

Det særeigne myrlandskapet på Fedje og Lyngoksen er skapt gjennom ryddningsarbeidet til steinalderbøndene, då dei fjerna skogen på desse to øyane for å betre vinterbeitet til husdyra. Så lenge dette landskapet var skogkledd, hadde det høg fordampning av vatn gjennom alle blada på trea. Då skogen var borte, vart fordampningseffekten dramatisk redusert. Ein større del av nedbøren vart verande i jorda, og dette sette igang ein langsam myrdanningsprosess. Smått om senn auka myrarealet, og etterkvart klatra også myrane oppover skråningane og dekte landskapet til.

Prosessen held fram

Den langsame myrdanningsprosessen går stilt og umerkeleg føre seg overalt i lyngheilandskapet i dag, men det er eit faktum at dei fleste område var skogdekte heilt fram til Kristi fødsel. Såleis er berre 2000 år for kort tid til at den menneskeskapte myrtypen kan verta ferdig utvikla.

Share to