Mari Klasen og Halfdan Egedius

Var det sorgen over Halfdan som gjorde at Mari døydde like etter Halfdan var død?

Mari Klasen var kanskje ei av dei mest kjente kvinnene frå Bø i Telemark på slutten av 1800-talent. Eigentleg heitte ho Mari Halvorsdotter Eika og ho var dotter til bonde og stortingsmann Halvor Klasen Eika på Østigard Eika. Likevel kjenner me ho som Mari Klasen.

Halfdan Egedius kom til Bø fyrste gong i 1892, og var her nesten kvar sommar fram til han døydde. Han var mykje i hop med kunstmålaren Torleiv Stadskleiv. Begge desse kunstarane både teikna og måla Mari Klasen.

Mari Klasen og Halfdan Egedius hadde nok eit godt auga til kvarandre. Far til Mari sette ikkje pris på dette. Han var vel ikkje bra nok denne kunstnaren, for storbonden frå Eikjabygda.

Tidleg på året 1899, døydde Halfdan Egedius. Han døydde av strålesopp, det fekk han av å tygge på strå. 20. april same år døyr også Mari Klasen.

Var det sorgen over Halfdan som gjorde at Mari døydde like etter? Eg ville gjerne tru det. Her er det myke ein kan dikte og fabulere om. Dessverre, det var ikkje så romantisk.

Eg måtte leite litt for å finne svaret. Det fann eg, i kyrkjeboka frå Bø. Mari Halvorsdotter Eika døydde av tuberkulose, den store folkesjukdomen på den tida.

Det er ikkje så rart at eg er opptatt av Mari Klasen, ho var syster til oldemor mi.

Share to