• Photo: Margun Farestveit
    (Copyright)
  • (Copyright)
  • Photo: ukjent
    (Copyright)

Støling og buføring

Lange tradisjonar

Beitelandskapet og stølsbruket i mange av fjellområda våre utvikla seg for meir enn 2500 år sidan, ved overgangen til jernalderen. I vikingtida må det ha vorte meir vanleg å bruka fjellområda til beite for tamdyr, og det er også funne restar etter bygningar frå denne tida.

Stølslivet

Stølslivet var strevsamt. I 5-6-tida om morgonen måtte dei opp. Kyrne skulle leitast opp og mjølkast, og trebøtta med mjølk skulle berast på ryggen attende til stølen. Mjølka vart så slegen i koller for å laga surmjølk og rømme. Til reinhold av mjølkekjerald brukte det brakelog, som var eit avkok av brake, eller einer. Kjeralda vart så sandskura. Etter morgonstellet måtte dei heim til garden med fersk mjølk, dersom stølen ikkje låg for langt borte. 20 liter mjølk var vanleg å bera på ryggen. Dei som ikkje kinna smør på stølen, bar rømmen heim med ein gong. Ofte var det òg slik at dei kløvja heim den halvferdige geitosten for å halda fram med den brenselsslukande kokinga heime. Slik sparte dei på den gode bjørkeveden på stølen. Einskilde stader finst det enno stølar som er i bruk, men som del av naturalhushaldet og næringsøkonomien på gardane er stølinga rein historie.  

Share to