Han sette seg opp sjøbu og krambu i 1850, og fekk landhandlarbevilling i 1857. Det gav han også rett til å halda gjestgjeveri og skysstasjon, og dermed var grunnen lagd for det som seinare vart til Sandven Hotel. Nils Skutlaberg tok namnet Sandven og vart ein retteleg bygdematador: Tingstaden vart flytta frå Øystese til «landhandleriet Sandven» og her vart det stoppestad då den nye dampskipssamferdsla tok til i 1861-62. Då kom også namnet Norheimsund inn som namn på strandstaden — namnet på sundet ved garden Norheim.
Strandstaden og Sandven Hotel
Det er på garden Sandvens grunn, ein av dei største gardane i Hardanger i mellomalderen, at strandstaden har vakse fram. Alt i høgmellomalderen hadde bøndenene frå Steinsdalen fått ...