• Photo: Svein-Magne Tunli. (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: prospekt av Johan F. L. Dreier fra 1808-1814 (Opphavsrett)

Gamle Bergen Museum

Friluftsmuseet Gamle Bergen Museum opna i 1949 og er no ein del av Bymuseet i Bergen. Føremålet med museet er å gje eit bilete av Bergen med gater og miljø slik det ein gong var. Museet er bygd opp kring lyststaden Elsero, - ein lysstad bygd av skipsbyggjaren Rasmus Rolfsen frå Kristiansand på slutten av 1700-talet. Den gamle lyststaden med hovudbygningen, paktarbustaden, hønse- og duehus, er freda etter kulturminneloven og er ein fin del av museet i dag.

Museet er ope dagleg gjennom sommarhalvåret. 

Share to