• Photo: Teikna av Gerhard Munthe. Kjelde Wikipedia. http://no.wikipedia.org/wiki/Magnus_Erlingsson (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Teikning av Erik Werenskiold (1855-1938) (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Kongsætta på Støle

Stormenn

Stormannsætta på Støle var viktige støttespelarar for kongemakta. Snorre fortel om Bjørn frå Studla som stod i framrommet hjå Olav Tryggvason i slaget ved Svolder. I «Orknøyinga-saga» finn vi nemnt Orknøy-jarlen Ragnvald Kales gode ven «Kyrpinga-Orm» og dei to sønene hans, Ogmund og Erling. Den same Erling fekk tilnamnet «Skakke» etter eit sverdhogg i halsen under Jorsalferda i 1152-55 i lag med Ragnvald Jarl.

Kongen frå Etne

Erling vart gift med dotter til Sigurd Jorsalfar, Kristin; han vart jarl og kongens lendmann og kom til å prega norsk politikk utover 1100-talet. Son til Erling, Magnus (1156-1184), vart krona til konge i Bergen i 1163, og vi må ha lov å tenkja oss at den unge etne-guten Magnus, som vart konge berre 7 år gammal, vart døypt nettopp i kyrkja på Støle, høgendeskyrkja til Erling Skakke. Fram til Erling fall på Kalvskinnet i 1179 og slaget ved Fimreite i 1184, der Magnus Erlingsson fekk banen sin, stod Stødleætta i sentrum for rikspolitikken.

Share to