• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: A.B. Wilse 14275 (Opphavsrett)

Oppgangssagene i Tørvikbygd

Einblada type

Oppgangssaga i Stekka er ei av dei få sagene som er att av den einblada typen. Saga vart bygd i 1823, men det har stått sager i Tørvikbygd lenge før dette. I skattemanntalet for 1603 finn vi desse sagene nemnde: Drage sag, som har skore 150 bord og plankar, og Augastad sag, som «ligger slett øde». Augastadsaga har truleg stått ved det same vassfallet som den noverande saga i Grindfossen, omlag 20 minuttars gange opp i utmarka frå Augastad. Etter at denne saga kom ut or drift i 1950-åra, er det berre oppgangssaga i Stekka, høyrande til dei to bruka på Berge, som har vore halden i hevd. 

Teknisk revolusjon

Då oppgangssagene kom i bruk på 1500-talet, revolusjonerte dei mellomalderens måte å øksa til plankar og bord av tømmerstokkane. Kvar tømmerstokk vart kløyvd og kunne såleis berre gje to bord; «tiler». Med dei nye sagene kunne det skjerast mange bord av ein stokk. Tørvikbygd har frå gammalt av vore rik på furu- og eikeskog, så det er naturleg at sagene har vore lenge i bruk her. 
 

Share to