• (Copyright)

Kongsgarden Lygra

I ein haug som låg kring 60 meter nord for kyrkja, kom det for dagen to gravleggingar. Den eine av dei døde var lagt i eit gravrom av murte heller og hadde fått med seg mellom anna eit sverd, ei lanse, eit spyd, to pilespissar, ei krossforma spenne, eit drikkehorn med beslag av bronse og perler av glas og jet. Denne grava skriv seg frå 500-talet (folkevandringstid). I den andre grava i haugen blei det berre funne eit leirkar.

Mange gravfunn

Det er kjent ti gravfunn på Lygra frå yngre jernalder. Heile seks av desse er våpengraver, den desidert tettaste konsentrasjonen av slike graver i Nordhordland. Flesteparten av våpengravene kan truleg datertast til 900-talet. To gravhaugar på Lygra går under namnet Kongshaugen. Den eine av desse blir også kalla Gullhaugen. Den sistnemnte er kring 20 meter i tverrmål og 2 meter høg. I haugen er det påvist to gravleggingar, ei mannsgrav og ei kvinnegrav, frå 800- eller 900-talet. I første halvdel av 1800-talet var der fleire, mellom dei biskop Neuman i Bergen, som argumeterte for at Håkon den gode var gravlagt i ein av kongshaugane på Lygra og ikkje på Seim.  

Storgard og krongods

Snorre nemner ikkje Lygra som kongsgard saman med Seim og Alrekstad under Harald Hårfagre. I Egilssoga er derimot ”Lygra på Sæheim” omtala som ein av Harald sine storgardar. I soga om Olav den heilage i Heimskringla heiter det at kongen fekk bodskap om eit drap medan han var i veitsle på Lygra. Ved utgangen av mellomalderen låg det to gardar på Luro, Indre Lygra (Innlygra) og Ytre Lygra (Utlygra). Begge var krongods, noko som støttar opp om at garden hadde ei fortid som kongsgard. Det er rimeleg å sjå Seim og Lygra i samanheng. For å koma til Seim sjøvegen måtte ein segla inn Lurefjorden. Alle våpengravene på Lygra indikerer at det her kan ha vore ein vaktstyrke som skulle passa på at ingen kom overraskande på kongen medan han oppheldt seg på Seim.  

Share to