• Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)

Solglytt 1909 : Berre ein einaste gong

               Berre ein einaste gong

 

Berre ein einaste gong gjeng me gjennom verdi. Ikkje eit steg fær me gange uppatt.
Uavlateleg gjeng me fram. Ein gong skal vaar livsveg her nede verta avbroten. Men kvar og naar dette vil henda veit me ikkje. Kanskje ikkje paa mange aar, kanskje i ein annen time.

Men um livet vaart her nede vert stutt, merki staar daa att. Merki som ikkje berre hev noko aa segja for oss sjølve og deim som er i lag med oss, men ogso for deim som kjem seinare.


Store menn og kvinnor, som andre ser upp til med vyrdnad, treng me ikkje vera for aa setja djupe og varige merkjer etter oss.

Smaa og laagt sette menneskje kann ogso setja gode merkje etter seg baade i ord og gjerning, merkjer som seint vil gaa av minne.


Ein god gjerning, eit godt ord av ein som for lenge sidan er burte, kann verta som lysande faklar for ein annan som kjem etter. Det kann koma til aa ha mykje aa segja baade for tid og æva.

Vonde menneskje kann med sine stygge ord og gjerningar kasta myrke skuggar ogso yver andre sin veg og forvilla deim som strir og leitar etter aa koma fram.

Skulde ikkje det gjera oss vakne, so me gjeng meir varsamt og passar paa ordi me segjer og gjerningarne me gjerer?
Skulde ikkje dette gjera oss ivrige etter aa gjera godt og spreida ljos ikring oss den einaste gongen me lever i verdi?
Fortyner me den eine gongen, fær me aldri meir høve til aa gjera godt.

 

Ei gjenta

 

Bladstyrar Gunnar Fitje

 

Ortnevik Ungdomslag vart skipa i 1904, og lagsavisa Solglytt har eksistert sidan 1909.
Talrike skribentar og redaktørar har forma innhaldet i dei handskrivne bøkene.
Ironi eller djupt alvor – tolkar vi tekstene rett?

Share to