• Photo: Berit Fiksdahl, Dovre kommune (Opphavsrett)
  • Photo: Berit Fiksdahl, Dovre kommune (Opphavsrett)

Avsjøen – med spor etter folk frå steinalderen

Ein lett og fin tur frå E6 og Dovregubbens Hall langs setervegen til Avsjøen og Avsjøseter. Dette er område der steinaldermenneska ferdast for 6000 år sidan.

Tenk deg at her du står nå, sto det for 6000 år sidan ein som deg. Han var ikkje på biltur over Dovrefjell, heller ikkje på spasertur langs setervegen til Avsjøen. Klærne var heller i skinn enn merka med Helly Hansen eller Norrøna. Det var reinskjøt, skinn og horn som var målet for steinaldermannen. Han fulgte villreinen på trekket mellom vinterbeita i aust med lite snø og frodige sommarbeite i vest. I fjellet finn ein ofte steinalderbu-plassar rundt vatna, slik det er funne fleire stader rundt Avsjøen. Det er tvilsamt om heile familien var med, det var nok helst karar som jakta. Dei var dyktige fangstfolk og spesialistar med reiskapen dei rådde over. Du og eg ville nok vore hjelpelause om vi hadde bytta plass med steinaldermennesket.

Share to