• Photo: Mads Langnes
    (Copyright)
  • Photo: Nordmøre Museum
    (Copyright)
  • Photo: Nordmøre Museum
    (Copyright)

Kjøpmannsarkiv frå Kristiansund

Sommarbustaden Retiro
Som fleire andre av dei store kjøpmennene i Kristiansund, kjøpte Johnsen tomt og bygde stor sommarbustad i "sørlege strøk"; altså langs Fannestranda ved Molde. Johnsen kalla eigedommen for "Retiro", og her budde han og familien fleire månader kvar sommar frå 1875. Truleg har ein del av arkivmaterialet frå klippfiskføretaket vorte med på lasset til rosenes by.

Knausen
I 1916 vart ein del av eigedommen Retiro frådelt til slektningar. Parsellen vart kalla Knausen, og dette er den tomta hotellet Knausen stod på. For ikkje mange år sidan vart "det gamle" Knausen rive, og inne i veggane stod mange rekneskapsprotokollar frå klippfiskverksemda i Kristiansund. I ettertid må ein vel kalle dette for kulturhistorisk verdfull isolasjon! Dei hadde tydelegvis vorte nytta som isolasjon i veggane, og mest kvar og ein av dei er gjennomhola av spikar. Somme var også skadde av fukt. Då drivaren av hotellet fann desse protokollane i veggane, vart dei heldigvis ikkje kasta, men flytta ned i ein kjellar. Der vart dei igjen liggjande ei stund.

Arkivmaterialet
Romsdalsmuseet i Molde vart etter ei tid kontakta; kunne dette vere noko for dei? Romsdalsmuseet er regionmuseum for romsdalsregionen, og såg at dette arkivmaterialet etter ein av klippfiskbaronane i Kristiansund heller høyrde heime i arkivsamlingane til Nordmøre Museum. No er arkivmaterialet hamna attende i byen der det vart skapt, og regionmuseet for Nordmøre tek vare på dette materialet. Men det har til no ikkje vore sett inn ressursar på å ordne og registrere arkivet.

Privatarkiv
Kjøpmannsarkivet etter Christian Johnsen kan med dette vere eit godt døme på kor tilfeldig situasjonen er for privat arkivmateriale. Ofte er det tilfeldigheitar som har avgjort om slike kulturhistorisk verdfulle kjelder er bevarte eller ikkje. Arkivet kan også vere eit godt døme på eit godt samarbeid og ei naturleg arbeidsdeling mellom to av regionmusea i fylket. Avslutningsvis bør det seiast at materialet no er bevart, men ikkje ordna, registrert og tilgjengeleggjort. Vonleg vil ei privatarkivteneste i regi av IKA Møre og Romsdal kunne kunne hjelpe til dette.

Share to