• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Å vippe håret, Bø i Telemark

Tradisjonelt sett blei kvinnehår vippa inn i ein rull rundt hovudet.

Å gå med håret laust var ein skam i tida rundt 17-1800-talet.

Unge jenter kunne ha vipper eller fletter, men når du blei eldre bar du oftest skaut over vippune. Forskjellige hovudplagg hadde symbolsk betydning, f.eks. koneskaut som viste at du var gift, svarte vipper som tegn på sorg m.m. Det var status å ha så tjukke vipper som mulig. Nokon putta garn inn sammen med håret for å "jukse" litt og når nylonstrømpa kom blei den populær å bruke. Tradisjonen holdt seg levande i Midt-Telemark til fram på 1970-tallet. Vipper til bryllup og fest var av det finaste slaget og banda kunne ha innslag av silketråd, perler og flotte duskar. Vanlegvis var vippebånd vovne av ulltråd og hadde tradisjonelle farger og mønster, men ikkje noko pynt. Fleire kvinner livnærte seg av å veve band og belter bl.a. vippeband. I Midt-telemark var vippebanda helst brikkevovne, men dei kunne og bli vovne i grind. Hårvipper er ein mote fra renessansetida i Europa.

Share to