• (Opphavsrett)

Symaskina til gome

 

Dei første symaskinene vart laga på midten av 1800-talet. Når ein skulle sy på dei, måtte dei sveive symaskina i gong. Etterkvart vart dei elektriske.

Symaskina til gome er ei beige Singer frå 1963. Det var ei fin symaskin som til og med kunne brodere. Ho kosta opphavleg rundt 1 500 kroner, og det var mykje på den tida. Men etter alle dei kleda gome har laga med ho, har den betalt seg mange gonger. Ho laga alt frå skidressar til gardiner og bleier. Til meg har ho blant anna laga ein kjole som eg brukte på karnevalet i fjerde klasse. Han var raud og det følgde med ein hatt.

Gome fekk symaskina i bryllaupsgåve frå mor si, Margaret Anne, og søstera Adelaide. Ho sydde sin eigen brudekjole. Symaskina har vore på garden på Rygnestad sidan det. ”I 2005 slutta undertråden å virke, og då måtte eg kjøpe meg ei ny symaskin.” fortel gome. Men sidan maskina har betydd så mykje for ho, har ho lagt ho vekk oppe på loftet.
Kjelde: Rygnestad, Janet L.; intervju; 05.10.2009

 

Share to