Haugen-brødrane

To av desse «ukjende» hopparane er brødrane Lars (1891-1963) og Anders Haugen (1888-1984). Dei emigrerte til Amerika i 1909 og skulle setje eit varig preg på amerikansk hoppsport. Haugen-brødrane vann heile 11 amerikanske meisterskap (Lars 7, Anders 4). 

Lars Haugen var profesjonell skihoppar og var dermed ikkje tatt med i den amerikanske troppen til dei olympiske leikane i 1924 (Chamonix) og 1928 (St.Moritz). På den tida kunne ikkje profesjonelle delta i leikane. 

I motsetjing til bror sin var Anders Haugen med i det amerikanske laget under begge desse olympiadane og utmerka seg med å ta bronsemedalje i 1924. Omstenda rundt denne medaljen er ein historie i seg sjølv. Resultatlista i 1924 viste nemleg at Anders ikkje hadde tatt medalje. Femti år seinare, i 1974, gjekk ein idrettshistorikar over resultatlista og fann ut at Haugen hadde blitt feildømt og at han eigentleg hadde vunne bronse. Dermed fekk Anders Haugen, femti år seinare, omsider sin olympiske medalje. 

Det bør også nemnast at han rakk å ta to verdsrekordar i løpet av sin karriere, med hendhaldvis hopp på 64 og 65 meter. 

Sjølv om Anders budde i Amerika og hoppa for det amerikanske landslaget så var han støtt heime i Bø. Her dyrka han to av sine store lidenskapar, bærplukking og felespel.

Både Lars og Anders vart etter endt karriere tekne opp i «U.S. National Ski and Snowboard Hall of Fame». 

1 comment

  • Kor tøft!

Share to