• Photo: Leonhard Jansen (Opphavsrett)
  • Photo: Jon Løyland (Opphavsrett)

Handa til Bjørgulv Uppstad

Kjempa Bjørgulv Uppstad (1791-1866) var ein svær mann. Handa hans er skoren inn i veggen på støylen Vindsåsen.

Bjørgulv Eivindsson Uppstad er kjempekaren det framleis går gjetord om i Setesdal.

Han var fødd på Uppstad i Hylestad sokn, og vert hangande med det namnet sjølv om han levde i ei tid då det var vanleg å ta namnet etter den staden han budde. Difor kunne han likså godt ha bore namnet Bjørgulv Brokke, etter garden der han budde frå 1823 til 1847, eller Bjørgulv Gautestad, etter garden i Evje der han levde sine siste år.

Det kan vere mange grunnar til at ein person vert hugsa. Bjørgulv Uppstad kunne ha vorte hugsa fordi han var så stram ein kar. Han var storvaksen og førleg, og nauende vel ihopkomen; kver leden var som han var rend. Han hadde eit ferdelag som få; der var ein greidleik so det druste av han. Han var sers andlitsven, ljosleitt og raudleitt som ein blome - téhya kor ven han var." Dette les me i bokverket "Gamalt or Sætesdal" av Johannes Skar.

Han kunne og ha vorte hugsa fordi han vart godt gift. Kona hans var Sigrid, dottera til lensmannen og eidsvollmannen Olav Knutsson på garden Tveiten i Valle .

Men det er kjempekaren det går soger om. Mannen som sloss og krangla der han kom, og som til sist var så sundslegen og øydelagd at han berre var ein skugge av seg sjølv.

På Bjørgulv si tid var det ikkje postveg langs etter dalføret. Mange la difor byvegen over heiane. Ein gong kom Bjørgulv forbi støylen Vindtjønndalen på Austeheia. Kanskje var han på byferd, kanskje var han slåttekar for ein av bøndene i bygda, og sat ein regnfull kveld i den mørke støylsbua og kjeda seg. På veggene hadde mange frå føre skore inn eit omriss av handa si.

Der kan vi den dag i dag sjå omrisset av ei kjempehand som det skal leitast lenge etter for å finne maken til. Då bua vart flytta til støylen Vindsåsen på 1970-tallet, vart stokkane høvla for å gjere bua fin innvendig. Men stokken med handa etter Bjørgulv Uppstad vart spart.
 

2 comments

  • Dette var kjempeartig, muntlige og håndfaste kulturminner hånd i hånd!
  • store hender hadde han nok, Gamle Bjørgulv som vi kaller han( i motsetning til yngre Bjørgulver i familien, siste tilskudd er min far Bjørgulf Gautestad) pappa har også veldig store hender, men er nokså sikker på at den eldste Bjørguven la på litt, han var vel også kjent for det:-)

Share to