• Photo: Svein Indrelid (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Klevabrui

Klevabrui stod ferdig i 1906. Ho vert rekna som ei av dei vakraste bruene på Bergensbana.

Klevabrui er ei steinkvelvingsbru med eit spenn på 35 meter. Det tok fire år å byggja henne. Fyrst måtte ein setja opp stillas av tre, som vart bygt i åra 1902– 04. Materialane vart henta i Kaupanger i Midtre Sogn og frakta med båt til Fretheim. Derifrå vart dei transporterte med hest 25 kilometer fram til Seltuftøyri etter den nybygde anleggsvegen gjennom Flåmsdalen.

På Seltuftøyri vart materialane lasta om og heiste opp Seltuftberget til banetraseen med heis. Derifrå og fram til brustaden var det lagt skjenegang, og siste stykket gjekk transporten med ei skjenegåande tralle.

I mellomtida vart det sprengt laus byggjestein på Klevafeten eit par kilometer lenger aust. Der var det steinhoggarar som hogg til kvar einskild stein etter nøye mål og form. Frå Klevafeten vart steinen frakta med slede over isen og ned til fossen om vinteren. Så kunne dei gå i gang med å byggja sjølve brui. Stillasmaterialane vart sidan brukte til ei bru ved Storurdi, aust for Finse.

Klevabrui stod ferdig i 1906. Ho vert rekna som ei av dei vakraste bruene på Bergensbana.
 

Share to