• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Karpolfamilien på Fron, offer for jødeutryddingane under 2. verdskrigen

26. oktober 1942 vart dei fleste mannlege jødane i landet arrestert og seinare sendt åt konsentrasjonsleirar med fangeskipet Donau. Den natta vart Gerson Karpol vekt av lensmann Hammer i Sør-Fron saman med to framande menn. Far og son vart ført til Lillehammer, mora og døtrene fekk vera att nokre dagar før dei og vart henta. Gerson var sjuk og vart sendt heim frå Lillehammer. Samuel vart sendt vidare. Alle dei tre ungane var med fangeskipet Donau som 26. november, ingen av dei kom att.

I januar 1943 kom lensmann Hammer på nytt for å arrestere dei gamle og sjuke foreldra. Dei vart fyrst sendt åt Lillehammer, seinare Oslo der dei berga livet på sjukehus. Båe var ei tid innlagde på Jødisk Aldershjem i Oslo, før dei vart sendt heim åt Fron der dei budde på gamleheimen til dei døydde i 1947.

I mars 1943 var det auksjon på garden der alt dei eigde vart selt medan dei gamle framleis var i live. Truleg visste ingen på Fron kva for lagnad ungane hadde fått i Tyskland på den tida. Auksjonsprotokollen fins på Riksarkivet, men blir ikkje frigitt før i 2047.

771 norske jødar vart deponerte til konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen, 740 av desse kom aldri heim.

Gudbrandsdalsmusea har ei utstilling om familien på Gudbrandsdal Krigsminnesamling, Kvam.


Share to