Blant dei største røysane langs kysten
Fram til 1983 fanst Tjernagelshaugen framleis. Han låg der kortbølgjesendaren på Tjernagel no står. Som følgje av Teledirektoratet sine utbyggingsplanar vart fredinga oppheva av Miljøverndepartementet, og alt vart fjerna, etter at Historisk Museum i Bergen hadde grave ut haugen.
Haugen, eller røysa som det vel er rettare å seia, var på det meste 23 meter i tverrmål og opptil 2 ½ meter høg, bygd av rullestein. Nære på 400 m3 masse var dyngd i hop i dette gravminnet, som var eitt av dei største på Hordalandskysten.
Bronsealdergrav
Arkeologane fann tre graver i Tjernagelshaugen. To av dei var steinkister, den tredje berre ei samling brende bein av menneske og småfe på botnen under røysa. Trekol, funne saman med beina, syner at denne grava er frå midten av bronsealderen, knapt 1000 år f.Kr. Dei to steinkistene er yngre. Kol som vart funne utanfor den eine, er datert til tida ved Kristi fødsel. Den andre kista tykkjest vera noko yngre.
Det vart ikkje funne oldsaker i nokon av dei tre gravene. Det som måtte ha vore der av gravgåver, er forvitra og borte for lenge sidan. Av dei døde fanst berre dei brende beina frå botngrava og to små beinbitar i den yngste steinkista.
Kystrøys
Tjernagelshaugen er ei røys av det slaget som har vore så vanleg på kysten. Mange av dei kan daterast til bronsealderen, men dei to steinkistene i Tjernagelshaugen syner at slike gravminne også var i bruk i jernalderen.
Røysa har vorte påbygd fleire gonger, ved kvar av dei yngre gravleggingane. Den siste gongen vart det dessutan lagt opp ein fint forseggjord tørrmur av flate steinar ytst mot sjøsida, kanskje for å gje det vyrdelege gravminnet eit endå meir dominerande preg.
Tre tusen år gamalt kulturminne borte
I hundre ættleder fekk haugen liggja i fred, som eit landemerke for dei sjøfarande. Men vår tid fann ikkje råd til å spara han lenger. Vi vart dei siste som fekk sjå Tjernagelshaugen.
Ved administrasjonssenteret for kortbølgjesendaren er botnlaget med dei to gravkistene rekonstruert.