• Photo: Kjell Andresen (Opphavsrett)
  • Photo: Elizabeth Warren (Opphavsrett)

Nottveit

«..Kvægavl og Brændeved..»

Nottveit ligg like ved innlaupet til Mostraumen. I mellomalderen høyrde Nottveit til Munkeliv kloster. Frå 1660-åra kom garden på private hender, og De Fine-slekta åtte dei fleste bruka til ut på 1700-talet. I matrikkelutkastet frå 1723 står det om denne garden: «... Sæter ¼ Miil fra Gaarden. Brænde og Fyrreskov til Husbehov, 1 Flomkværn, ligger ved Søen 5 ½ Miile fra Bergen. Maadelig Jordhold, tungvunden og ligger indfrossen den hele Vinter. Lever af Kvægavl og Brændeved at sælge».

Sjølveigarar på 1700-talet

Alle brukarane på Nottveit vart sjølveigarar tidleg på 1700-talet; Nottveitbøndene var faktisk mellom dei første i Modalen som åtte gardane sine. Den vesle kraftstasjonen frå 1941, som står enno i dag, gjorde desse gardane sjølvforsynte med elektrisk straum fram til 1958.
 

Share to