• (Opphavsrett)

Halsnøybåten

Sensasjonelt funn

Vikingskipfunna på Gokstad og Oseberg opna augo våre for eit uttruleg båtbyggjarhandverk 1000 år attende i tid, men lenge var det lite vi faktisk visste om farkostar og fartøybygging frå endå eldre tider. Båtfunnet på Bunes vart ein vitskapleg sensasjon då Håkon Shetelig tok det føre seg i 1903. Det synte seg å vera restane etter ein av dei eldste båtane vi kjenner i Norden, av same alder som båtfunn i Nydam i Danmark.

Robåt frå yngre romartid

Delar av eit par båtbord, ein keip og spantet vart tekne vare på og er no på Bergens Sjøfartsmuseum. Keipen syner at det har vore ein robåt. Bordgangane var ikkje klinka, men har vore sydde i hop, truleg med bastsnor. Mellom dei var det tetta med strimlar av raudbrunt ullstoff, duppa i tjøre.

Ei radiologisk datering av tre frå den eine bordgangen syner at båten truleg vart bygd i yngre romartid, mellom år 270 og 400 e.Kr.

Share to