• Photo: Normann 1930-40, Norsk Jernbanemuseums samling (Opphavsrett)
  • Photo: Einar Grieg (Opphavsrett)
  • Photo: Anne Lise Brask Eriksen (Opphavsrett)

Arkitekturen langs Bergensbana

Å vera son av ein berømt far, ha same yrke og i tillegg heita nesten det same, kan få rare fylgjer. Paul Armin Due teikna mange av dei stasjonane faren lenge fekk æra for.

Paul Due (1835–1919) er ein av landets mest kjende jernbanearkitektar. Han byrja som jernbanearkitekt i 1891 og fram til 1910 var han engasjert i alle NSB sine jernbaneanlegg. Sonen Paul Armin Due (1870–1926) samarbeidde med faren frå slutten av 1890-åra. Dei var båe utdanna ved den tekniske høgskulen i Hannover, sonen vart uteksaminert i 1896 og tilsett hjå faren sitt firma eit par år seinare.

Jugendstil

Dei fleste av stasjonane på strekninga Roa–Voss er teikna før 1899 og signert Paul Armin Due eller berre Paul A. Due. Likevel har faren fått æra i ettertid då sonens medverknad ikkje har vore klårlagt. Bygningane langs Bergensbana er prega av tidas moteretning, jugendstilen, som Paul Armin var ein klår tilhengjar av. Gode døme er Haugastøl stasjon med uthus og vaktarbustad, Fagernut og Grjotrust vaktarbustadar.

Nordisk nybarokk

Det krevjande arbeidet på strekninga over høgfjellet og den kraftige trafikkauken, gjorde det naudsynt å auka talet på vaktarbustadar og stasjonar allereie i 1913. Arkitekt Harald Kaas (1868–1953) var tilsett som bygningsteknisk assistent hjå Statsbanenes Hovedstyre i åra 1908–14. Han teikna ein bygningstype med lik form for vaktarbustad og stasjon. Dette gjeld bland anna Sandå vaktarbustad med stikningsbu og uthus.
 

Share to