• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Atelier K. Knudsen. (Opphavsrett)

Tran og hermetikk på Fedje

Torvdrift og kvalfangst

Torvdrifta, som tidlegare hadde gjeve arbeidsplassar, vart det slutt på i 1920. I mellomkrigstida kjøpte Feie Tranfabrikk A/S tomt i Rognsvågen, bygde kvalstasjon og byrja produksjon av tran. Dei kjøpte inn brugdelever og spekk og bein frå vågekval, men produksjonen stansa i 1960-åra grunna råstoffmangel. I mellomkrigstida hadde ein også lagt planar for eit fryseri på Fedje, slik at tilgangen på is og agn til fisket var sikra. Det var også viktig å ta vare på råstoff som makrell, sild, størje og kval.

Norway Foods

I 1953 bygde Chr. Bjelland ein hermetikkfabrikk her. I 1982 gjekk alle hemetikkfabrikkane i Noreg saman og skipa Norway Foods, for å møta konkurransen utanfrå. Det var den største arbeidsplassen i kommunen, med mange kvinner. I 1995 vart fabrikken nedlagd.

Nye næringar

I dag er dei tradisjonelle næringane på Fedje, som kvalfangst og fiskeforedling, stort sett i ferd med å forsvinna. I staden er det tenesteytande næringar, ikkje minst knytte til sjøfart, på veg fram. Den nye og toppmoderne Fedje trafikksentral er eit godt tiltak for fedjesamfunnet. I tillegg har turismen vorte ei viktig næring på Fedje dei siste åra.

Share to