Jordepleskiljar

Evjukarane konstruera ei kasse med tre sold over kvarandre. Det grovaste øverst. Kassa hang i eit stativ som ei jynge. Kassa blei jynga fram og tilbake for hand.

Jorepla (potet) blei tømt oppå det grovaste soldet. Kassa blei rista og jynga så jorda draus av og jordepla smatt gjennom solda etter storleik. I enden av kvart sold var det ein tut med ein sekk hengande under. Når sekkane var fulle, blei dei bytta med tomme.

Eit ukjent tal skiljarar kom frå snikkerverkstaden på Evju. Dei var i bruk på mange gardar rundt i området her før og etter siste krig. Her på Evju svingar skiljaren kvar høst, skurva av ivrige skuleongar.

Share to