• Photo: Bjørn Arve Lunde (Opphavsrett)
  • Photo: Kjell Andresen (Opphavsrett)

Mellomalderløa i Håvik

Bygd i 1540

Det som vekkjer vår interesse, er det alderdommelege preget ved konstruksjonen. Etter tradisjonen skal denne løa gå attende til 1500-talet, noko som i 2003 vart stadfesta med dendrokronologisk undersøking. Denne undersøkinga tidfesta løa til 1540.

Stavbygging har dominert

Heilt attende til forhistorisk tid, til dei første hundreåra av vår tidsrekning, kan vi følgja stavbyggingsteknikken; som har halde seg som ein byggjemåte i naust og løer på vestkysten av Skandinavia fram til vår tid.

Løa vart i 2003 freda etter Kulturminneloven. 

Share to