• Photo: Sigurd Agnell, Norsk Film A/S (Opphavsrett)
  • Photo: teikna av Egil Korsnes (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: måleri av Eckersberg (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Osterøy kommune

Prestegjeld og kommunegrenser

Dei tre prestegjelda Haus, Hamre og Hosanger vart utgangspunkt for kommunane etter 1837. Åsane vart skilt ut som eigen kommune frå Hamre kommune i 1904. Haus prestegjeld omfatta soknene Haus, Mjelde, Gjerstad, Bruvik og Stamnes. I 1870 vart Bruvik og Stamnes skilde frå med namnet Bruvik kommune, og først i 1964 vart Arna skilt ut som eigen kommune.

Tingstaden Hamarr

Hamarr er det gamle namnet på tingstaden i Osterfjorden; innanfor Hamarsneset. Fire fjordar møtest her, og Hamarr var sentrum for heile Nordhordland før Bergen kom til. Gangdagetinget - gangdagane var dei tre dagane før Kristi Himmelfartsdag - vart halde her på Hamarr i Oster. Hamarr er etymologisk det same namnet som kaupangen Hamar i Hedmark.
 

Stadnamn

Den gno. forma av Osterøyi er Óstr, som kan setjast i samband med verbet å auka. Tydinga er usikker, kanskje «den høge» elter «den store». Havrå kan vera ei samansetjing av gno. hafr «bukk» og á «elv» eller dativ fleirtal av eit ord avleidd av hafr. Mjelde er i slekt med mjøl, i stadnamn ofte brukt om lende med fin sand.

Valestrand med Valestrandsfossen inneheld helst gno. valr «falk» i førsteleddet. Valestrand i Sveio er derimot laga til gno. vaðill «vad, grunn stad i vatn». Mjøs er skrive i Miðhusum i Bergens kalvskinn (1360) og tyder såleis «det midtre huset eller garden».

Førsteleddet i Fotlandsvågen går attende på foss. Forma Fot- er resultat av den vanlege vestnorske lydovergangen sl > tl, jf. vesle som vert til vetle. Geitreim er samansett av geit og (h)eim. Førsteleddet i Lonevåg tyder «still, djup bekk eller elv».

Om namnet Hosanger er det ulike teoriar. Siste leddet; -angr, tyder vik eller fjord. Oluf Rygh seier at første leddet truleg kjem av hosa, «...en lang strømpe»; Mjøsvågen liknar fotstykket på ein sokk. Lokalhistorikaren Johan Lilleskare meiner derimot at «hosa» har samanheng med ein stad der ein tverrdal munnar ut i ei bukt ved fjorden; under roren langs land må ein «sleppa landet». Ei slik hosa er det frå Hoshovde og til Gatland; eit vindhardt fjordstykke der dalasnoen kjem ut den avstengde vågen - Hosanger.

Share to