• Photo: Akvarell av Nils Hertzberg (Opphavsrett)
  • Photo: Ann-Mari Olsen (Opphavsrett)
  • Photo: Atle Jenssen (Opphavsrett)

Ei kvinnegrav frå vikingtida på Trå

Mange nyttegjenstandar

Ved føtene og langs sidene hadde dei plassert nyttegjenstandar: ullkammar, spinnehjul, vevskei, saks og saumglattar av glas, steikjespiss, steikjepanner, jerngryte, jernause, ei klebergryte, ein bronsekjel og ei bronseause, ei lita grøn glasflaske, kniv, bryne, beitsel og kistebeslag.

Kortkvistruner

Bronseausa var i fleire fragment; sjølve ausa hadde ein diameter på 20 cm, skaftet ei lengd på 11 cm. Med ein skarp knivspiss var det rista inn skarpe, fine runer i den blanke bronseflata. Runene er såkalla kortkvistruner, som vi også kjenner frå Isle of Man og Sverige. Fleire av runene manglar, og nokre er utydelege, slik at innskrifta er vanskeleg å tolka. Den eine lyder slik: ”Lekamsskade (vert) påtala, ettersom det er sett kvinnegrid”. Ei anna seier: «Eg ser ikkje ... og ikkje urette, aldeles ikkje urette runer». Dette siste er truleg innleiingsformelen på eit vers, medan meininga med innhaldet var at førebuingane til gildet var gjort med omhug.

Eit glimt av livet

Innskriftene på ausa gjev oss eit glimt av tilhøva på ein storgard ved festlege høve. Dei mange mellomalderlege runepinnane frå Bryggen i Bergen viser at runer vart nytta langt ut i mellomalderen, og ei av innskriftene derifrå lyder slik: ”No er her stort ståk og strid”. Dette ønskte ikkje huskona frå Granvin, men fest og orden.
 

Share to