• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Herdlevær - eit fiskarsamfunn mot Nordsjøen

Sesongbustad med stor aktivitet

Herdlevær høyrde i mellomalderen til kongsgarden på Herdla. I dei lune vikane kring Straumøy og Skogsøy, med gode hamner og kort veg til dei rike fiskeplassane, ligg det mange hustufter og båtopplag som vitnar om stor aktivitet i tidlegare tider. Granskingar syner at folk har kome hit i hopetal for å fiska, Herdlevær har vore eit utvær - ein sesongbustad - med tradisjonar heilt attende til tidleg vikingtid.

Del av kongen sin økonomi

I mellomalderen har dei rike fiskeressursane her vore ein viktig del av kongen sin økonomi. Det er ikkje usannsynleg at kongen, gjennom sine lokalkjende stormenn, organiserte det store fisket som gjekk føre seg her, både til hushaldet på kongsgarden og for sal vidare til andre.

Tre tun, elleve bruk

Det har frå gammalt av vore tre tun på Herdlevær: Oppigarden, Midttunet og Nordgarden; elleve bruk i alt. Halvparten av desse driv framleis fiske i dag. Dei elleve gardsbruka har vore i lag om fem notbruk, og nokre av desse er framleis i hevd. Sjøhusa og nausta på Herdlevær ligg samla langs sundet mellom Herdlevær og Skogsøy. På dei ytste, skogberre øyane mot Nordsjøen har fisket til alle tider vore ein viktig del av næringsgrunnlaget. Kor gammal den faste busetnaden er på Herdlevær, er vanskeleg å fastslå sikkert.

Organisert samarbeid

Eit forvitneleg nærbilete av samarbeid og hopehav får vi når vi ser på korleis dei organiserte arbeidet i kvart landnotlag eller fiskebruk. Kvar noteigar i grannelaget hadde sine eigne bolkar i nøtene, i samsvar med den skyld bruket hadde. I det gamle hopehavet hadde kvar eigar plikt på seg til å halda sine bolkar i orden: bøta, barka og setja inn nytt der det trongst — under granneoppsyn.

Share to