• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Myrdal anleggsby

Hausten 1900 var det folketeljing i Noreg, og i det nye samfunnet Myrdal var det særs folksamt med folk frå fleire nasjonar og med stor variasjon i yrkestitlar. Den største gruppa av utlendingar var italienarane, som budde i tre av brakkene, «Træbarakken», «Den nedre stenbrakke og ingeniørbolig» og «Øvre stenbarakke». Dei var alle menn mellom 18 og 36 år då dei vart talde, nokre var gifte og ein hadde ungane med seg. I «Trebarakken» budde to svenskar og resten var norske handverkarar og steinkøyrarar tilsett hjå kontraktørane. I «Statens barakkar» budde linjearbeidarar og handverkarar tilsett hos NSB. I Myrdalsleitet budde landhandlaren og fleire handverkarar som ikkje var direkte knytte til tunneldrivinga, som skomakar og snikkar. Også her budde fleire tilsette hos NSB, mellom anna anleggspresten.

Stasjonen med banemeisterbustad, som er teikna av Paul Armin Due, vart bygd før bana kom fram til Myrdal. Her budde anleggslegen med heile hushaldet sitt. I alle brakker og hus var det teneste- og kokkejenter. I tillegg til brakkene vart det bygd handelsbu, kontor, lagerbygningar, lokomotivstall, forsamlingshus og vaktarbustadar her. I andre etasje i lokomotivstallen var det skule under anleggstida.

Share to