• (Opphavsrett)

Filmkameraet til foreldra mine

Første offentlege filmframvising fann stad i Paris i 1895, i regi av brørne Lumière. Første spelefilm med tale var den amerikanske Jazzsangeren i 1927. Fargefilmar vart vanleg på kino først rundt 1950-åra. Filmen Tatt av vinden markerer gjennombrotet for fargefilmane.

Kameraet kjøpte foreldra mine i 1984. Dei kjøpte det brukt for ca. 8 000 kr. Eit kamera den gong var mykje dyrare enn dei du kan få kjøpt i dag. Det var ikkje alle familiar som hadde kamera til privatbruk den gong. Det har skjedd ei enormt stor utvikling i teknologiverda sidan eg blei fødd. No kan me filme med både mobil¬telefonen og fotografiapparatet. Det har også skjedd ein stor forandring på utsjåande og storleiken på kamera. Den gong var dei svære og tunge å bruke.

Kameraet vårt blei brukt til å filme oss barn medan me var små, og fram igjennom. Det gjekk litt på rundgang i familien, slik at andre også kunne få denne gleda. No i dag kan me sjå tilbake på det me filma, og kanskje ikkje kvaliteten er like god som i dag, men fullt brukande. Det er veldig moro å kunne ha høve til å sjå attende på gamle minne.
 

Share to