• Photo: Ulf Palm/Nordfjord Folkemuseum (Opphavsrett)
  • Photo: Ulf Palm/Nordfjord Folkemuseum (Opphavsrett)
  • Photo: Ulf Palm/Nordfjord Folkemuseum (Opphavsrett)
  • Photo: Ulf Palm/Nordfjord Folkemusem (Opphavsrett)
  • Photo: Ulf Palm/Nordfjord Folkemusem (Opphavsrett)

Vaffeljern frå Nordfjord

Vaffelkake er ein gamal kakesort med ei lang historie både i Nordfjord og i Noreg. Ho var særleg brukt som festmat i eldre tid.

Dei eldste vaffeljerna

Det eldste vaffeljernet i Noreg finst så vidt vi veit på Norsk Folkemuseum, og er frå 1685. Denne typen jern lagde einskilde rektangulære eller einskilde hjarteforma vaffelkaker. På Nordfjord Folkemuseum har vi mange rektangulære vaffeljernformer, sjå til dømes bilete 1 og 2. Desse har lange skaft og er særs tunge. Røra vart helt i jernet, jernet vart lukka og halde over open eld eller glør under steikinga.

Vokskake-mønster

Ordet «vaffel» kjem frå det nedertyske ordet «wafel» som tyder vokskake og som viser til eit bestemt rutemønster med fordjupingar i flata. Ordet vert også til dømes brukt om spesielle vevmønster eller saum (vaffelsaum).

Kvifor hjarte?

Forma på vaffelkaka vart tidleg eitt eller fleire hjarte. Hjartet er eit av dei eldste symbola vi har. Hjartet har vore eit symbol for kjærleik i alle fall frå middelalderen og truleg også lenger tilbake i tid. Vi veit at vaflar av finare slag vart brukt som mat i bryllaup. Kanskje er det difor hjartet vart forma på vaffelkaka?

Ein annan type vaffelrøre før?

Den rektangulære forma med storruta, djupt mønster, produserte truleg tjukkare og stivare vaffelkaker enn vi lagar i 2009. På eit vaffeljern støypt på jernverk, truleg frå slutten av 1800-talet, er oppskrifta støypt inn på loket. Denne oppskrifta har mykje dei same ingrediensane som oppskrifter frå 2009, med unnatak av gjær:

2 s Meel
6 - 8 Æg
1 1/2 Pot Melk
2 Thesker Gjær
3/4 s Sukker

Frå tungt kroppsarbeid til «vaffelmaskin»

Dei første vaflane vart steikte i jern med lange skaft over open eld. Slike kakejern vog mange kilo og vaffelsteiking må ha vore hardt kroppsarbeid på den tida. Eit stort framsteg såleis, må den nye typen vaffeljern ha vore, dei såkalla «vaffelmaskinane» på bilete 3 og 4. Dei var tilpassa dei nye jernkomfyrane som vart meir og meir vanlege på slutten av 1800-talet. No hadde vaflane fått den forma vi kjenner i dag; sirkelen med fem hjarte. Truleg var namnet «vaffelmaskin» eit uttrykk for at vaffelsteikinga no vart mykje meir effektiv!
 

1 comment

  • I de gamle, rektangulære vaffeljerna fungerer det fint med en tjukk røre laget av kun to ingredienser; rømme (seterrømme) og sammalt mjøl. Det er vel ikke utenkelig at noe liknende kan ha vært brukt på den tida jernene ble produsert. Jernet er ikke tungt å håndtere hvis du har en såkalt "skjering" hengende i grua, en opphengsanordning for gryter o.l. De fleste av de runde jernene, altså den typen som kan snus i hullet på vedkomfyren og av og til har oppskrift på lokket, er støpt ved jernstøperiene, ikke ved de gamle jernverkene.

Share to