• (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Gjert Kårdal

Ein engasjert gardbrukar som enda opp med å få Kongens fortenestemedalje.

Under planlegginga av Bergensbana vart bønder i nærleiken av traseen engasjerte til å driva med snømålingar kvar vinter. Blant dei som vart involvert i dette arbeidet var Gjert Kårdal frå garden Kårdal øvst i Flåmsdalen, berre eit lite stykke nedanfor Myrdal og Vatnahalsen. På sjølve garden har det vore registrert drift sidan 1600-talet, og i Gjert Kårdal si tid kan det ha vore så mange som tretti menneske som arbeidde og budde her.

Gjert Kårdal vart involvert i arbeidet med snømålingane i 1884, og heldt fram med dette arbeidet heilt fram til 1889. Han vart også mykje nytta som kjentmann for anleggsingeniørane som etter kvart strøymde til fjellet i samband med Bergensbaneanlegget.

Det var mykje kontakt mellom Gjert Kårdal og Tollef Nygård frå garden Nygård øvst i Hallingdalen. Dei jakta ofte i lag, og var båe dyktige fjellfolk. Dei arrangerte også romantiske band mellom dei to gardane sine; dottera til Gjert, Sigrid, vart gifta bort til sonen til Tollef, Ole. Historia fortel at ei ku skal ha vore teke med som medgift, og at det snarast nok vart bryllaup.

Gjert Kårdal fekk Kongens fortenestemedalje for innsatsen sin i høgfjellet. Han døydde i 1922.

Share to