• Photo: Tore Bjøro, Hordaland fylkeskommune.
    (Copyright)

Slirå

Vaktarbustad og meteorologisk målestasjon.

Vaktarbustaden på Slirå (1 300 meter over havet) vart oppført i 1907, og var ein dobbel vaktarbustad for to familiar, teikna av jernbanearkitekt Paul Armin Due. Bygningen vart nytta som ingeniørbustad dei to siste åra av anleggstida. Tett ved ligg ei «provisorisk arbeidarbrakke» bygd i 1901 med seinare påbygg. Båe bygningane er no freda.

Ei meteorologisk instrumenthytte vart sett opp i 1924 for å få vêrdata som skulle bidra til å sikra betre regularitet over banestrekninga. Fire gonger i døgnet vart temperatur, fuktigheit, nedbør/snødjupn, vindretning og vindstyrke registrert. I vaktarbustaden vart det lese av lufttrykk og rapportert om skydekke. Data frå Slirå vart sendt til Finse og vidare til Meteorologisk institutt i Oslo fram til 1969 då vaktarbustaden vart flytta frå.

Målingane frå Slirå viser eit arktisk klima utan sommar, men i måleperioden gjennomsnittleg 154 dagar vår/haust og 211 dagar vinter. Vinteren 1943 var eit serleg tungt snøår med 4,36 meter i mai månad. Vindmålingane viser gjennomsnittleg 13 dagar med liten storm eller meir, og 143 dagar liten kuling eller kraftigare.

Instrumenthytta, som bar preg av å ha stått i eit hardt klima i meir enn 80 år, vart restaurert ved Voss vidaregåande skule i 2008.
 

Share to