• Photo: Penneteikning av J.F.L. Dreier.
    (Copyright)
  • Photo: Olai Schumann Olsen
    (Copyright)
  • Photo: Ann Steindal
    (Copyright)
  • (Copyright)

Strusshamn

På sørsida av Askøy, like vest for Bergen, ligg Strusshamn. Den lune vågen er ei av dei beste hamnene ved Byfjorden, i leia mot sør.

Karantenehamn

I seglskutetida kunne hamna vera full av bergenske og utanlandske fartøy som låg og venta på høveleg vind. Gamle fortøyingsringar frå l687 vitnar enno om dette. Strusshamn var karantenehamn for skuter som kom inn leia med det gule pestflagget i masta.

Gjestgjevarstad og handel

Etter forordninga i 1648 om «Skydsfærd til Lands og Vands, samt Gjæstgiverier i Norge» vart det også lagt ein gjestgjevarstad her. Hovudbygningen, som truleg skriv seg frå 1700-talet, stod fram til 1993, endra og ombygd, men framleis med ein dåm av gammal velstand. Bygningen hadde ei frittståande søylerad over to etasjar i hovudfasaden, men på J.F.L. Dreiers penneteikning ser vi gjestgjevarhuset med stort valmtak ved sida av eit sjøhus som i dag er borte.

På gjestgjevarstaden var det ein livleg byttehandel, og tala i medisinalrapportane over kjønnssjukdomar er dei høgaste i Søndre Bergenhus Amt.

Industristaden Strusshamn

I 1804 sette Hans Nielsen Hauge og venene hans opp eit møllebruk i Strusshamn, og utover på 1800-talet var gjestgjevaren samstundes møllebestyrar. Møllebruket utvikla seg til å verta ei sentral forretningsmølle for maling av austersjøkorn som dei bergenske kjøpmennene importerte. Som dei fem andre Askøymøllene vart også mølla i Strusshamn driven av bergenske møllarmeistrar. Då vervseigar Ramus Rolfsen frå Elsesro kjøpte mølla i 1879, sette han inn ein turbin i staden for det gamle vasshjulet.

I 1909 avvikla bergensfirmaet M.G. Riisøen møllebruket og selde driftsbygningane og vassrettane til Arne Johannessen, som flytte sin shoddyfabrikk dit frå Årstad. Dette var i mange år ei hjørnesteinsbedrift i kommunen, ei av dei fremste i Skandinavia innanfor denne bransjen. I 1980-åra vart produksjonen avvikla. 

Kyrkja

Den første kyrkja vart bygd her i 1741, som ei annekskyrkje under Domkirken. Laksevåg og Loddefjord høyrde under Strusshamn sokn; Loddefjord heilt fram til 1915. Den gamle kyrkja i Strusshamn brann i 1861, men ho vart gjenreist i 1864, lenger sør. Også denne kyrkja brann, i 1966, og vart bygd opp att i 1969.

 

Share to