• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)

Gjestgjevarstaden i Brattholmen

Gjestgjevarstaden i Brattholmen vart først og fremst plassert her fordi det var «en meget bequem Havn for Seilende fra og til Bergen naar enten Stille Vejr indfalder eller og Vinden og Strømmen hindrer Skibene at komme videre».

Utvida med handel

Frå 1772 dreiv Thomas Friis gjestgjevarstaden, og han selde han att til tollbetjent Hans Dahle i 1788. Dahle budde sjølv i Bergen og dreiv losjistaden ved paktaren Niels Pedersen. Endre Dale overtok Brattholmen i 1827 og John Wilhelm Juuhl i 1845. Etter det utvikla gjestgjevarstaden seg også til å verta ein sentral handelsstad med dampskipsstoppestad, så lenge dette trafikkmønsteret stod ved lag.

Hovudbygning i sveitsarstil

Frå sjøen er den gamle hovudbygningen lett kjenneleg, med eit sveitserstilseksteriør frå hundreårsskiftet, tårn og utskorne drakehovud i gavlane. I tillegg til hovudbygningen har det også vore sjøhus med brenneri her, handel, drengestove, kjeglebane og badehus.

 

Share to