• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Kvalveiding ved Kvalvågstraumen

Kor langt bakover i tid det har vore drive kvalveiding her, veit ingen i dag, men gjennom heile 1800-talet var det drive fangst i dette sundet. Ved innløpet låg det alltid kastestein på berget til å skremma kvalen inn i sundet, slik at dei i ro og mak kunne stengja av med nota. Dei gamle passa nøye på at ikkje ungdommen heiv vekk steinen. Fangstreiskapen var enkel; ein harpun eller spyd som dei kasta med handmakt frå vanlege færingar. Det kunne vera litt av eit vågestykke å gå innåt når kvalen var vorten såra. Den siste kvalen vart teken her i 1928.

Share to