• Photo: P.P.Lyshol (Opphavsrett)
  • Photo: P.P.Lyshol (Opphavsrett)

Det store nattønskjet

Ei solid dobbeltseng med nattbord på kvar side og strømpepuffar i fotenden var eit must i etterkrigsåra.

Draumen om soverommet

For det store fleirtalet av nordmenn var soverommet berre ein draum rundt 1900. I bygdene hadde kanskje sjølvefolket eit eige sovekammers, men i trongbudde byar måtte mange liggje anten på kjøkkenet eller i stova. I hovudstaden under krigen måtte tre av fire foreldre med meir enn tre born sove i stova.

Med Husbanken, som kom i 1946, kom det også byggjestandardar som også tok høgde for eige soverom for mor og far. I den moderne standardfamilien med far og mor og to born skulle også borna i familien ha eige rom med plass til køyesenger, leksepultar og hobbyar.

Dobbeltseng og strømpepuff

For nyetablerte ektepar var eit skikkeleg soverom det store nattønskjet. Det skulle vere ei solid og stødig dobbeltseng med plass både til far og mor og ein framtidig ungeflokk som kanskje vakna tidleg og kom på besøk. I tillegg til dei obligatoriske nattborda og strømpepuffane skulle det også vere eit romsleg lintøyskap og aller helst også eit toalettbord med speil der mor kunne børste ut håret i sin nylonneglisjé.

Soveromsmøblement skulle helst ha ein einskapleg preg og var gjerne halden i mjuke og duse fargar med stilig dekor i måling og tredetaljar. Møblementa på bileta stammar frå møbelfabrikken Brødrene Blindheim AS i Sykkylven, som produserte møblar frå 1939 til 1981. Fabrikken hadde opptil 16 tilsette i femti- og sekstiåra.
 

Lysholarkivet

Bileta er henta frå møbelarkivet til fotograf P.P. Lyshol, eit arkiv som no blir systematisert og teke vare på som ein del av samlingane ved Norsk Møbelfaglig Senter.

Share to