• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Koleragravstadene i Møvik og Bildøydalen

Epidemiar

Dei store infeksjonssjukdomane, og først og fremst kolera, vart ei mare for det 19. hundreåret. Kolera hadde opphav i India og synte seg første gong i Europa i 1817. Den andre store epidemien kom i 1832. I 1848 kom den tredje, denne gongen med båt frå England. Epidemien herja frå Gulen ved Sognefjorden til Egersund. Frå Bergen spreidde sjukdomen seg til bygdene ikring. Han kom og til Espevær på Bømlo, midt under sildefisket i 1849, og vart derifra spreidd vidare med fiskarane.

Få kolerakyrkjegardar att

Dei førebyggjande tiltaka mot kolera var mellom anna å peika ut høvelege område for gravstader. Det er svært få eksisterande koleragravstader i landet utanom Hordaland.

 

Share to