• Photo: ukjent (Opphavsrett)

Sandnes kyrkje

I første halvdel av 1600-talet vart mellomalderkyrkja etter alt å døma erstatta av ei tømmerkyrkje. Koret er i 1686 oppgitt å måla 9 ½ x 11 alen, skipet 18 ½ x 14 alen og våpenhuset 5 x 7 alen. Kyrkja var då i svært dårleg stand. Etter inspeksjonen blei kyrkjebygningen utbetra. Våpenhuset vart bygd på ny i 1690-åra.

Ny kyrkje 1845

Utover 1800-talet kom ein markant folkevekst og kyrkja vart for lita. Sandnes fekk ny kyrkje i 1845. Teikninga stod Eiler Hagerup Holtermann for. Det er ei rektangulær, einskipa langkyrkje der kor og skip har same breidde og høgde. I vest er eit tårn som har ein hjelm tekt av kopar. På austsida av koret kom eit sakristibygg i 1882. Det er lågare og smalare enn resten av kyrkja. Nytt våpenhus med trapp opp til orgelgalleriet vart bygd i 1912. Midt i 1960-åra forlenga ein sakristiet mot aust for å gje plass til ein menigheitssal utforma som kapell med alter. Om den noverande kyrkja står på nøyaktig same stad som dei to tidlegare kyrkjene, er usikkert.
 

Share to