• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Skare (Opphavsrett)
  • Photo: Knud Knudsen. (Opphavsrett)

Askøy kommune

Den nordlege delen av Askøy høyrde delvis til Herdla kommune: øya Herdla og den midtre delen av Øygarden, saman med nordre del av Holsenøya. I 1918 vart Askøy kommune delt, slik at Laksevåg vart eigen kommune. Ved revisjon av kommunegrensene i 1964 vart også dei nordlege områda innlemma i Askøy kommune, som då kom til å omfatta sjølve Askøya, Herdla og nærare 100 mindre øyar.

Kommunesenter og busetjing

Strusshamn var kommunens administrasjonssentrum 1837-1956. Då overtok Kleppestø som kommunesenter. Kleppestø, Øvre Kleppe, Florvåg og Erdal er blitt dei folkerikaste bygdene, medan dei gamle tettstadene Strusshamn, Follese og Hetlevik har stagnert.

Etter krigen har Askøy hatt ein markert vekst i folketalet og har sidan slutten av 1960-åra vore den største landkommunen i Hordaland.

Naboskap med byen

Alt før 1920 var industrien blitt viktigaste næringsveg, og stadig betre samband med Bergen har skapt eit aukande tal dagpendlarar. I 1980 galdt dette 52 % av dei yrkesaktive; ein prosentdel som nok vil auka gjennom det nye fastlandssambandet, Askøybrua, som vart opna 12. desember 1992. Askøy er prega av det nære naboskapet med byen. Her var det mange byborgarar som hadde landlege eigedommar og bygde seg staselege hus.

Stadnamn i Askøy

Kommunen og prestegjeldet Askøy har namn etter Askøyna. Øya har namn etter garden Ask, som i sin tur er namngjeven etter treslaget ask. Det gamle namnet på øya var Fenring, kanskje av fen «blautlende, myr» (som i Fana) og ring om forma.

Follese er usikkert, sisteleddet er kanskje eid. Også førsteleddet i Strusshamn er usikkert, mogeleg ligg gno. stútr «stut, okse» til grunn. Hop svarar til gno. hópr «(innestengd) vik». Førsteleddet i Ramsøyna kan vera mannsnamnet Ravn eller plantenamnet rams.

Til dei eldste stadnamna høyrer utan tvil Herdla. Kanskje har det tydinga «den fråskilde», det vil seia frå nordspissen av Askøya, etter kanskje også «strand med rullesteinar».

1 comment

  • Jeg fant bare 4 bilder fra Askøy! Det er nok flere i historielaget og på Askøy folkebibliotek. Prøv å legge de her også, det hadde vært fint nå som det nye museet skal bygges.

Share to