Branesbyen i Forbergsåsen

I Forbergsåsen var det ein tussegard som heitte Branes. Eg har funne tre små historiar som me kan knyte til Branes og tussen som var ute på friarferd.
På Forbergs-åsen skal dei au ha sett gardar, uldregardar, heiter det. Det var enda ein uldregut som fridde til ei av Kjørkjekås-gjentune, dotter til Gamle-klokkar. Han var frå Forbergåsen, sa han. Han laut gå med avsagde lestar som dei  seier. Dei syner staden der han budde i Forbergåsen den dag i dag.
Nordbø, Olav: Segner og soger frå Bøherad, side 47

Ein uldregut fridde til ei Bøheringsgjente. Han sa han var frå Branes i Forbergsåsen.
Nordbø, Olav: Før i tida. Gamalt frå Bøherad, side 76

Maren Kjørkje-kaasen, kona til gamle Andres klokkar i Bø, var ille ute for ein haugetusse medan ho var ung og heime på Bø. Han var svært so staselig med raud pikk-luva, knebuksur og kvite vriubands-sokkar og lågsko med spenne av sylv. Men kor væn og staseleg han var, vilde ikkje Maren vita noko av han. Då ho vart gift med Andres klokkar, slapp ho ikkje fri han då hell. Um kveldarne kom haugetassen lurande etter henne so pussa og fin at det var svært. Han hadde gjille sokkeband, lysande med svære dufsor. Han ville fri og sa ho kunde skilja seg med honom Andres, for han var så fæl til å banna. Men Maren vilde ikkje det. Då Maren fekk ei dotter og ho vart vaksi, kom same haugetassen vilde fri til henne og, då ho tente på Borgja. Dette svalla  Maren Kjørkje-kaasene sjølv um til folk.
Gunnhjem, Chr.: Gamalt fra Telemork. Segner og soger, side 115

Share to