• (Copyright)

Familievenleg tur til Ustetind

Ustetind er ikkje blant dei høgaste toppane i landet, men gir likevel ei imponerande utsikt over det flate landskapet på Hardangervidda.

Ustetind (1378 moh.) ligg nordaust på Hardangervidda, rett sør for Ustaoset, og gir ei fantastisk utsikt over vidda sørover og det mektige Hallingskarvet i nord. I vest ser ein Hardangerjøkulen og Hårteigen.

Ustaoset/Tuva–Ustetind–Ustaoset/Tuva

Ein kan klatra opp på Ustetind anten direkte frå Ustaoset, eller frå den private turisthytta Tuva. Frå Ustaoset tek det dryge to timar opp, og mellom ein og ein halv time ned att. Frå Tuva tek det om lag ein og ein halv time opp, og om lag ein time ned. Turen passar for dei fleste born som har vore på tur før.

Flott topptur for dei yngste og for heile familien! Men ta høgd for at det er ein del myrer som ikkje alltid er like enkle å gå rundt. Godt skotøy og kanskje skift er alltid lurt!

«Ustetind ble første gang brukt som trigonometrisk punkt av Nicolai Storm Wergeland i 1845. Det skjedde i forbindelse med den første oppmålingen av Jotunheimen. Det er høyst sannsynlig at han bygget en varde på Ustetind den gang.

I en rapport fra 1897 blir det skrevet at 1. ordens varde med jernbolt i sentrum ble oppsatt på Ustetind. I følge vardebygger Maurits Følsvik var han med og bygget 1. ordens varden på Ustetind sensommeren 1899. Den hadde en diameter på 2,38 m og en høyde på 2,5 m. Følsvik nevner ikke om det fantes varde der fra før. Da kaptein Meinich observerte ved varden sommeren 1909, skriver han at varden var «usædvanlig smuk og regelmessig»».

Kjelde: Artikkel av Per Bremnes i Under Hallingskarvet 2012.

1 comment

  • Ustaoset stasjon

Share to