• Photo: John Landstad (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Mesch, Borg (Opphavsrett)

Brakkeliv og kokkas innsats

Bergensbana vart bygd i ei tid då svelt og naud ikkje var uvanleg. Difor var tre måltid om dagen, i tillegg til god akkordbetaling, freistande.

Rallarkokka, kvinne i ei mannsverd
Kokkene var for det meste ungjenter frå bygdene som hadde erfaring frå huspost, hotell eller kafé. Samanlikna med desse arbeidsplassane, var arbeidet som anleggskokke godt betalt. Nokre var gift med anleggsfolk, mens dei som kom åleine lett vart utsett for «frieri». På brakka hadde kokka eige rom, «kneppen». Den låste døra gav litt vern mot lystne karar. Rallarane sov andføttes i sengene, ofte var det 12 mann på ei brakke.

Matlaging til mange mann
Arbeidsdagane var lange, og lengst var dei der det var skiftarbeid i tunnelane om vinteren. Dagen byrja i femtida, med å fyra opp og koke kaffi, og han var deretter fullsett med reinhald, matlaging og servering. Det einaste arbeidet kokka slapp, var å hogga og bera inn ved. To måltid vart etne på brakka, eit vart sendt med rallarane og varma opp på feltessa. Kjenneteiknet på ei god kokke, var at ho laga god og billig mat ved at ho klara å nytta restane. Mykje av provianten vart køyrd opp med hest langs Rallarvegen. Mjølk, ost og smør kunne ein kjøpa på setrane. Driftekarar kom forbi med slaktedyr på hausten, men også hermetisk eller salta utanlandsk kjøt vart brukt. Grønsaker var vanskeleg å oppbevara i kulda, så tørka erter i ulike variantar var ein gjengangar på tallerken.

Reinhaldet var ei æressak
Vassbering til matlaging og reinhald var av dei tyngste av kokka sine arbeidsoppgåver, likeins vasking av arbeids- og sengeklede. Særleg krevjande var det å halda brakka fri for lus, så rallarane strødde snus i senga og gnei kroppen med salve av varma dynamitt. Kvitskura golv og bord var provet på godt reinhald.
 

Share to