Ein seinsommarkveld midt på 1920-talet, stod ein liten gut på Hardeggsetra og såg ned i Dombås

På Dombås hadde den moderne tid allereide ført til endringar. Jernbana og elektrisiteten sitt inntog var mest som ein revolusjon å rekne. Frå å vera ei roleg bygd der dei fleste levde på gardane sine som dei hadde gjort i alle år, vaks Dombås sentrum fram med hotell, pensjonat, kafear og butikkar. Folketalet auka, og det vart liv og røre.

Så det var mykje å undre seg over for den vesle karen oppe på setra. Han heitte Gunder og vaks opp i Blæstergrenda. Der skulle skulle det forrestenen gå enda eit kvart århundre før dei kunne byte ut parafinlampene med dei elektriske.

I Dombås lyste taklampene etterkvart opp i heimane. Utelamper var det det langt imellom; det var nok råflott luksus og sjeldan vare. Men på det staselege Dombås Hotell kasta utelampa eit klart og blankt lys.

Det var dette fenomenet vesle Gunder funderte på der han stod og såg på Dombås "by night". På Hardeggen er himmelen uendeleg stor og vid, og månen lyste gul som ei enorm eggeplomme over setergrenda. Men den nye månen nede i Dombås kunne han ikkje riktig forstå seg på.

Da var det at løysinga på Gunder sine grublerier kom til han. "Der æ`Dombås-månin," utbraut han lykkeleg. "Og her æ`månin vår!", sa han og peika opp på himmelen.

Så kunne han vel gå inn att til mor og parafinlampa med fred i sjela og somne godt i sengebenken.

Share to