• (Opphavsrett)

Vekkarklokka til oldefar

Oldefar jobba som sagt som maskinarbeidar på Svalbard, men var opphavleg frå Målselv. Han reiste mykje fram og tilbake mellom desse plassane, og då kunne han jo ikkje ha ei stor og tung vekkarklokke. Derfor kjøpte han denne vesle, nette vekkarklokka frå ’’Millheim’’. Ho er 7 cm lang – og like brei.

Vekkarklokka er rund i fasongen. Ho er pastellgrøn med ei gullramme rundt sjølve uret, og to knoppar i botnen som gjer at ho ikkje trillar, samt ein liten hank på baksida som støttar bak og gjer at ho ikkje veltar bakover. Dette er også i gull. Klokka har to "knappar" på baksida så ein kan stille henne, samt luke til batteri.

For mormora og mor mi betyr denne klokka noko som eit minne etter morfar og oldefar som no er døde. Først kjøpte oldefar denne klokka, og då ho gjekk sund kjøpte han ei ny ei, heilt lik. Dette er den første klokka, som vart tatt vare på av morfar som eit minne etter oldefar, og av mor mi som eit minne etter oldefar og morfar. Klokka står no i eit glasskap heime hos meg, saman med mange andre gamle gjenstandar frå older- og besteforeldre.
Kjelde: Nyberg, Ellinor M; intervju; 10.10.2009
 

1 comment

  • Den klokka var kul den owner. :)

    Hello er best!

    ps: og ho liker hest

Share to