• Photo: Warren Elizabeth Jan (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Gardfloren på Kolåseidet

Tidlegare generasjonars ressursbruk

Gardflorane star tomme i dag. Det er mange år sidan kyr på utmarksbeite vart mjølka om kvelden ved bøgarden eller sauene slepte i hus. Dagens kraftfòrbaserte jordbruksproduksjon har gjort gardfloren overflødig. Slik er desse enkle steinbygningane uttrykk for ein ressursbruk som har prega alle generasjonar før oss. Vår tid treng ikkje lengre å tøya seg etter det magre utmarksbeitet som har halde liv i husdyra — og i folket.

Steinmura bygningar

Gardflorane i Nordhordland er bygde i gråstein; mange av dei mura i forband med bøgarden, det vil seia at steingarden og steinveggen i huset er mura i skift med einannan. Byggjemåten har røter bakover mot forhistorisk tid; mange av dei steinmura geilene som førte buskapen frå utmarka og inn i fjøset har vore mura slik. Vi veit at steinmuring hadde ei oppbløming i Nordhordland på slutten av 1700-talet, tilskunda av dei ressursmedvetne borgarane i Det Nyttige Selskab, men steinbyggingstradisjonen er mykje eldre.
 

Share to