• Photo: Anders Hagen 1963: Mesolittiske jegergrupper i norske høyfjell Universitetets Oldsaksamling, Årbok 1960-61- Oslo s.120. (Opphavsrett)

Steinalderfolk på Finseøya

I 1960 vart det påvist spor etter steinalderbusetnad på holmen i Finsevatnet.

I 1960 vart det påvist spor etter steinalderbusetnad på holmen i Finsevatnet. Tre små buplassar med ei mengd reiskap og avfallsfliser av kvartsitt låg att etter dei som i si tid heldt til der ute. Radiologisk datering av trekol frå ein eldstad syner at det er kring 8 500 år sidan.

Femten pilespissar vart funne, og 135 skrapereiskap til skinnarbeid. Skinnskraping har hjå dei fleste naturfolk vore eit kvinnearbeid. Det har det kanskje også vore hjå steinalderfolket på Finse. Utgravinga synte at pilespissar og skraparar stort sett låg på kvar sin del av buplassen. Det kan sjå ut som mennene har halde seg på den eine sida og kvinnene på den andre.

Kvifor dei slo seg ned på den vesle holmen som arkeologane kalla Finseøya, og korleis dei har kome seg dit, er litt av eit mysterium. Anten må dei ha hatt ein slags farkostar med seg, eller så har dei vore her om vinteren. Kvar dei kom frå, og kvar det vart av dei, veit me ikkje. Men dei har neppe budd her året rundt. Mest truleg var dette leirplassar som dei brukte under reinsjakta.
 

Share to