• Photo: Anders Beer Wilse (1865-1949) - Wikipedia (Opphavsrett)

Istidar og brear

Du har kanskje lurt på kor tid istidene byrja, kor mange istider vi har hatt og kor tid innlandsisen smelta bort?

Istider i kvartærtida
Kvartær er den yngste og kortaste tidsperioden i jorda si historie og omfattar dei siste 2,6 millionar år. Perioden har vorte karakterisert av mange og hyppige klimasvingingar. Kalde periodar førte til at breane voks, og vi fekk istider, medan innlandsisane smelta bort i dei mildare mellomistidene. Under dei om lag 40–50 istidene i kvartærtida var både Nord-Europa, Alpane, Storbritannia og Nord-Amerika dekka av innlandsisar.

Brear
Kva er ein bre? Folk flest bruker ordet bre nokså vidt. Det kan omfatta snøfonner som ligg ei stund utover sommaren. Andre skil mellom snøbre og blåbre, der snøbre vert nytta om dei øvre snødekka områda, medan blåbre vert brukt om bretungene med blåis i overflata.

Den definisjonen som i dag vert nytta mest er etter Ahlmann: «Ein bre er ei masse av snø og is som hovudsakleg ligg på land og som er, eller har vore, i rørsle». Isen må altså vere i rørsle for at den skal kunne kallast ein bre.

På jorda er det 1 400 millionar kubikkmeter vatn, der 97,5 % er saltvatn og 2,5 % er ferskvatn. Av dei totale ferskvassførekomstane er 70 % is og snø. Isbreane er dermed det dominerande ferskvassreservoaret. 91,8 % av dette er lagra i den antarktiske innlandsisen, 7,9 % i innlandsisen på Grønland, medan resten er fordelt på dei resterande breane på jorda.

Kor mange brear er det i Noreg?
I Noreg er det om lag 1 593 brear om ein held Svalbard utanfor, fordelt på 680 i Sør-Noreg og 913 i Nord-Noreg. På Svalbard er det 2 128 brear. Det totale bredekka arealet på fastlandet i Noreg er rekna ut til å vera på 2 750 kvadratkilometer, fordelt på 1 620 kvadratkilometer i Sør-Noreg og 1 130 kvadratkilometer i Nord-Noreg. Breane på Svalbard dekkjer eit areal på 36 591 kvadratkilometer.

Frå snø til is
Tørr, nyfallen snø har normalt ein tettleik på rundt 0,1. I høgfjellet og på brear vil vinden ofte pakke snøen saman slik at tettleiken aukar til rundt 0,3. Vidare setningar, samanpressing og gjenfrysing av smeltevatn aukar tettleiken til omlag 0,55. Snø som «overlever» ein sommar vert kalla firn. Tettleiksauken i firn går føre seg ved at større krystallar «et» opp dei mindre. Tettleiken aukar no seinare, men tilgong på vatn nede i firnlaget gjer at det etter kvart vert danna islag. Ved tettleik rundt 0,84 er firn nærast lufttett og er vorte breis. Luft som er igjen samlar seg etter kvart som luftbobler i isen.
 

Share to